Annonse

Trump kallar tidlegare medarbeidar «bikkje»

USAs president Donald Trump kallar den tidlegare medarbeidaren sin Omarosa Manigault Newman ein «gråtande taper» og ei «bikkje».

Annonse

Kraftsalva er utanom det vanlege sjølv på Twitter-kontoen til Trump, skriv nyheitsbyrået AFP.

- Når du gjev ein sprø, gråtande tapar ei moglegheit, og gjev henne ein jobb i Det kvite hus, så funka det rett og slett ikkje. Godt jobba av general Kelly som kjapt gav den bikkja sparken, skriv presidenten.

Newman hadde tidlegare ei stilling i Det kvite hus, og ho har kome med krass kritikk av Trump og regjeringa hans etter at ho mista jobben. Ho har skrive ei bok om tida i Det kvite hus som kjem i sal tysdag.

Newman har sjølv fått mykje kritikk for å ha gjort eit lydopptak då stabssjefen til Trump, John Kelly, sa henne opp. Dette skal ha skjedd i det såkalla Situation Room i Det kvite hus, der det er strengt forbode å ha med seg elektronisk utstyr.

(©NPK)

President Donald Trump karakteriserer den tidlegare medarbeidaren sin Omarosa Manigault Newman som ei «bikkje». Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB scanpix

Omarosa Manigault har mellom anna skulda den tidlegare sjefen sin Donald Trump for rasisme. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB scanpix