Annonse

Trump leier i ny prognose

(NPK-NTB): Dersom det amerikanske presidentvalet blei halde måndag, ville Donald Trump gått sigrande ut av duellen, ifølgje ein fersk prognose.

Ifølgje FiveThirtyEight er vinnarsjansen til presidentkandidaten til republikanarane 54,9 prosent, dersom valet blei halde måndag.

Demokratanes Hillary Clinton får 45,1 prosent.

Prognosane til nettsidene baserer seg på fleire forskjellige meiningsmålingar.

Ved å simulere valet 10,000 gonger er dei i stand til å rekne ut kven av dei to kandidatane som ligg an til å vinne kva for statar.

I motsetning til prognosane til FiveThirtyEight, viser eit gjennomsnitt av meiningsmålingane i USA den siste veka at Clinton framleis leier på Trump.

Ho har no ei oppslutning på 46,5 prosent, mot 43,7 prosent for Trump, viser ei samanstilling av dei ti siste landsomfattande meiningsmålingane RealClearPolitics har gjort.

2,8 prosentpoeng skil dermed dei to, som natt til tysdag norsk tid møtes til sin første store TV-debatt. (©NPK)