Trump og Putin med felles breiside mot gransking av valinnblanding

Donald Trump og Vladimir Putin stod side om side og hamra laus på granskinga av påståtte innblandinga frå Russland i det amerikanske presidentvalet i 2016.

President Donald Trump i USA kalla påstandane for ein katastrofe for USA, og sa dei bidrar til å gjere forholdet mellom Russland og USA dårleg.

- Det var inga samansverjing i det heile tatt. Det veit alle, sa Trump på ein felles pressekonferanse med Putin etter eit éin-til-éin-møte som varte i over to timar.

- Det er latterleg. Det er latterleg, det som går føre seg med denne granskinga, sa Trump.

Opphavleg hadde Det kvite hus sett av 90 minutt til møtet, som blei halde i presidentpalasset i Helsingfors.

- Inga innblanding

President Vladimir Putin i Russland gjentok at landet ikkje har eller kjem til å blande seg inn i amerikanske valprosessar.

- Eg måtte gjenta det eg har sagt, inkludert i personlege møte med Trump, at Russland ikkje har blanda seg inn, og ikkje kjem til å blande seg inn i amerikanske valprosessar, sa han.

Trump stadfesta på si side at han hadde tatt opp temaet under møtet med Putin, og sa han meinte det var best å diskutere dette ansikt til ansikt.

Den amerikanske presidenten fastslo at Putin har sterke meiningar om saka, og at Putin også lanserte ein «idé». Men Trump utdjupa ikkje nærmare.

- Eg kjente ikkje presidenten, det var ikkje noko samansverjing, sa president Trump.

Opnar for avhøyr

Putin opna under pressekonferansen for at amerikanske etterforskarar kan komme til Russland og avhøyre dei tolv russarane som er namngitte i den seinaste tiltalen frå spesialetterforskar Rober Mueller.

- Han kan sende oss ein førespurnad om å avhøyre dei personane han mistenkjer, sa Putin om Mueller.

Dei tolv, som i tiltalen er identifisert som russiske etterretningsagentar, er tiltalte for innblanding i 2016-valet i form av omfattande dataangrep mot Demokratene.

Putin sa derimot at ein eventuell slik avtale må gå begge vegar. Det inneber at russiske styresmakter i så fall må få tilgang til å avhøyre personar i USA dei meiner står bak lovbrot på russisk jord, sa den russiske presidenten.

Ønska at Trump vann

På spørsmål opplyste Putin at han under valkampen i 2016 håpa at Trump skulle vinne.

- Ja, eg ville at han skulle vinne, fordi han snakket om å normalisere forholdet mellom Russland og USA, sa han.

Det kom derimot også fram at dei to presidentane framleis er ueinige kva gjeld Krimhalvøya, som Russland annekterte i 2014.

- Han (Trump) fortset å halde fast på at det var ei ulovleg annektering, sa Putin.

Betre forhold no

- Vårt forhold har aldri vore verre enn det var no. Men det endra seg for omtrent fire timar sidan, sa Trump etter møtet.

Det same sa Putin.

- Forhandlingane med president Trump var fruktbare og vellykka, sa han.

- Det er ingen grunn til at forholdet mellom Russland og USA skal vere vanskeleg. Den kalde krigen høyrer til fortida, sa den russiske presidenten.

(©NPK)

President Donald Trump i USA og president Vladimir Putin i Russland under ein pressekonferanse i Helsingborg måndag. Foto: AP / Pablo Martinez Monsivais / NTB scanpix

President Vladimir Putin i Russland gir president i USA Donald Trump den offisielle VM-fotballen under ein pressekonferanse i Helsingborg, Finland måndag. Foto: AP / Markus Schreiber / NTB scanpix