Trump reiser til Puerto Rico neste tysdag

President Donald Trump reiser tysdag neste veke til orkanramma Puerto Rico etter at administrasjonen hans har fått kritikk for laber innsats.

- Eg reiser til Puerto Rico tysdag, sa Trump til journalistar i Det kvite hus tysdag formiddag amerikansk tid.

Han antyda samtidig at tysdag neste veke er den første dagen han kan reise til den amerikanske øya utan å forstyrre redningsarbeidet.

Trump har ikkje berre fått kritikk for å ha gjort lite for orkanofra på Puerto Rico, men også for å ha skrive ei Twitter-melding der han antydar at grunnen til det seine rednings- og oppryddingsarbeidet er Puerto Ricos eigen feil.

No understrekar Trump at Puerto Rico betyr mykje for han.

- Puerto Rico er veldig viktig for meg. Øya er totalt øydelagt, sa Trump og antyda at han kanskje også kjem til å reise til dei amerikanske Jomfruøyene.

Både Puerto Rico og Jomfruøyene blei hardt råka av ekstremvêret Irma før dei få dagar seinare også blei treft av orkanen Maria.

(©NPK)

President Donald Trump vil besøkje Puerto Rico neste veke. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix