Annonse

Trump tvitrar om ulovlege innvandrarar som «infiserer» USA

President Donald Trump hevdar Demokratene har som mål at ulovlege innvandrarar skal strøyma inn og «infisera» USA.

Annonse

Angrepet på det amerikanske opposisjonspartiet kom på Twitter tysdag.

- Demokratane er problemet. Dei bryr seg ikkje om kriminalitet og ønskjer at ulovlege innvandrarar, uansett kor ille dei måtte vere, strøymer inn og infiserer landet vårt, slik som MS-13.

MS-13 er ei internasjonal kriminell gruppe som opererer både i USA og fleire land i Mellom-Amerika.

Trump er også inne på at Demokratene vil sleppa ulovlege innvandrarar inn i USA for å få dei som veljarar.

I Twitter-meldinga brukar Trump ordet «infest», som på engelsk til vanleg blir brukt om skadedyr. TV-stasjonen CNN og magasinet Atlantic skriv at ordbruken bidreg til å umenneskeleggjera innvandrarar.

Den demokratiske kongressrepresentanten Sheila Jackson Lee avviser påstandane til Trump og seier han prøver å skremma den amerikanske befolkninga.

Trump-regjeringa har den siste tida fått massiv kritikk for å skilja ulovlege innvandrarar frå barna sine. Mens dei vaksne migrantane blir sette i varetekt, blir barna plasserte i eigne interneringssenter.

(©NPK)

USAs president Donald Trump. Foto: AP/NTB scanpix