Annonse

Trump ut mot Opec: - Vil ikkje akseptere høg oljepris

President i USA Donald Trump kritiserer oljekartellet Opec for det han meiner er kunstig høge oljeprisar, og legg til at dette ikkje vil bli akseptert.

- Ser ut til at Opec held på igjen. Med rekordstore mengder olje overalt, inkludert på dei fullasta skipa ute på sjøen, er oljeprisane kunstig veldig høge. Ikkje bra, og kjem ikkje til å bli akseptert, skriv den amerikanske presidenten på Twitter fredag.

Utsegna kjem samstundes som ministrar frå nokre av dei største oljeprodusentane i verda samla seg til eit møte i Saudi-Arabia mellom Opec og land som står utanfor oljekartellet.

Opec-landa og landa utanfor oljekartellet inngjekk i 2016 ein avtale om å kutte oljeproduksjonen med 1,8 millionar fat per dag for å redusere overskotslagera av olje.

Avtalen, som går ut ved utgangen av året, har ført til at oljeprisen har stige til over 70 dollar fatet frå under 30 dollar fatet tidleg i 2016.

Ifølgje E24 fall oljeprisen med 50 cent ned til 73,49 umiddelbart etter utspelet frå Trump.

(©NPK)

Donald Trump, her etter eit møte med statsminister i Japan Shinzo Abe onsdag. Foto: AP / NTB scanpix.