Annonse

Trump varslar direktiv som skal hindra at migrantfamiliar blir splitta

USAs president Donald Trump seier han vil underteikna eit direktiv som skal hindra at migrantfamiliar blir splitta.

Annonse

- Vi ønskjer å halde familiane samla, sa Trump til pressefolk i Det kvite hus onsdag.

- Vi underteiknar eit direktiv om ei lita stund.

Presidenten la til at han håpar Kongressen vil gjera lovendringar parallelt med direktivet.

Fleire media fortalde tidlegare onsdag at Kirstjen Nielsen, USAs minister for innanlandsk tryggleik, arbeidde med eit utkast til eit direktiv. Det vil gjera det mogleg å internera migrantbarn saman med foreldra sine, opplyser ikkje namngjevne kjelder til nyheitsbyrået AP.

Trump skreiv onsdag på Twitter at han «arbeider med noko». Tidlegare har presidenten gjeve uttrykk for at også han kan tenkja seg ei endring som gjer det mogleg å sperra barn inne for lengre periodar saman med foreldra.

I Representanthuset skal dei folkevalde torsdag behandla eit lovforslag som også skal leggja til rette for at ulovlege migrantar og barn kan sperrast inne saman.

Trump-regjeringa har den siste tida fått mykje kritikk for ein ny praksis der ulovlege migrantar blir sette i varetekt, mens barna deira blir plasserte i eigne interneringssenter. Det er uklart om det er rutinar på plass for å sikra at foreldre og barn seinare blir førte saman.

(©NPK)

USAs president Donald Trump. Foto: AP / Alex Brandon / NTB scanpix