Annonse

- Trumps Russland-advokat trekkjer seg

Donald Trumps personlege advokat John Dowd trekkjer seg, ifølgje amerikanske medium. Dowd representerer Trump i Russland-etterforskinga.

The New York Times siterer anonyme kjelder som seier Dowd har fått nok av at presidenten stadig ignorerer råda hans.

(©NPK)

John Dowd, Donald Trumps advokat, trekkjer seg ifølgje amerikanske medium. Foto: AP / NTB scanpix