Annonse

Tungvektarane lyfta børsen

Framleis høg oljepris og oppsving for fleire av dei største selskapa på Oslo Børs sende hovudindeksen opp med 0,94 prosent til 799,34 poeng tysdag.

Annonse

Statoil-aksjen var igjen mest omsett på Oslo Børs og lyfta seg solide 2,67 prosent. Medan Yara fall 1,84 prosent og DNO heile 3,80 prosent, hadde alle dei andre aksjane blant dei ti mest omsette ei positiv utvikling. Marine Harvest steig 0,36 prosent, medan Telenor var opp 0,50 og Norsk Hydro 0,45 prosent.

På dei viktigaste europeiske børsane var det også oppgang tysdag. Medan DAX 30-indeksen i Frankfurt steig marginale 0,05 prosent, steig både CAC 40 i Paris og FTSE 100 i London begge 0,33 prosent.

Oljeprisen heldt fram å stige utover dagen, men fall noko på tampen. Ved stengjetid på børsen blei eit fat nordsjøolje omsett for 64,52 dollar, medan amerikansk lettolje gjekk for 57,60 dollar fatet.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix