Tunisia med like arverettar for menn og kvinner

Tunisias president Beji Caid Essebsi kunngjorde måndag planar om å legge fram eit lovutkast som skal gi kvinner dei same arverettane som menn.

Til liks med i mange muslimske land seier tunisisk lov i dag at menn skal arve det dobbelte av kva ei kvinne av same slektskap gjer. Under ein TV-sendt tale på Tunisias kvinnedag måndag foreslo presidenten å gjere like arverettar til ein del av lova.

Debatten om like arverettar er ein av dei hissigaste blant diskusjonane rundt ei rad sosiale reformer som blir debatterte i landet.

- Som alle tunisiarars president er det mi plikt å samle, ikkje splitte, sa Essebsi.

Like etter fråsegna samla rundt to tusen menneske seg i hovudstaden Tunis for å feire.

- Vi har komne tilbake på gata for likestilling, ropte dei i kor mens dei bar på banner og vaia med det tunisiske flagget.

Lovendringa vil framleis la tunisiarar få dele opp arva slik dei sjølv ønsker i sine testament, men den nye lova skal gjelde for testament der det ikkje er gjort spesifikke fordelingar.

Lovforslaget skal leggjast fram for nasjonalforsamlinga i oktober, ifølgje presidenten.

Fleire av motstandarane hevdar menn må arve meir sidan dei har forsørgjaransvaret for sine familiar. Men ifølgje eitt av medlemmene i organisasjonen for kvinnelege demokratar er dette eit feil bilde av dagens Tunisia.

- I desse dagar har kvinnene ansvar for foreldra sine og for familien. Mannen er ikkje lenger den einaste ansvarlege eller leiaren av familien, derfor må lova tilpasse seg denne endringa, seier Hlima Jouini.

(©NPK)