Annonse

Turistbuss krasja med tunneltak i Paris

Ein person er alvorleg skadd etter at ein turistbuss køyrde inn i ein for låg tunnel i Paris fredag, ifølgje franske medium.

Tre andre personar blei lettare skadd, melder Le Parisien.

Det er ikkje kjent kvifor den to etasjar høge bussen køyrde inn i tunnelen under brua Alexandre III midt i sentrum av den franske hovudstaden. Køyretøy som er over 2,70 meter høge, har ikkje lov til å bruke tunnelen.

Øvste etasje i bussen er utan tak, og fleire av dei 20 passasjerane i bussen oppheldt seg her, ifølgje Le Parisien.

(©NPK)