Annonse

TV 2: Team Northug i samtalar med Norges Skiforbund

Petter Northugs sponsor Coop blir også sponsor for landslaget i langrenn, melder TV 2. Torsdag var Northugs manager i møte med langrennssjefen.

Torsdag skriv kanalen at Northugs manager Are Sørum Langås har vore i eit møte med langrennssjefen Espen Bjervig.

- Eg kan bekrefte at det var eit møte hos NSF i dag med Are Sørum Langås og Espen Bjervig, seier kommunikasjonssjefen i skiforbundet, Espen Graff, til TV 2.

Same TV-kanal melde tidlegare torsdag at Coop visstnok overtar sponsorplassen som Spar har hatt i nærmare ti år.

- Eg kan bekrefte at vi ikkje fornyar avtalene verken for Spar eller Ali. Og det synest eg personleg er litt leit, seier Torbjørn Johanson, ein av eigarane av Norgesgruppen.

Coop opplyser at dei er i dialog med Norges Skiforbund.

- Eg kan bekrefte at vi er i dialog, og vi har ein god dialog med Norges Skiforbund med tanke på å få til ein avtale, seier Coops kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis.

TV 2 meiner å vite at den nye avtalen skal presenterast i midten av april.

- Coop har avtale med Petter Northug jr. Kva har det hatt å seie for ønsket om å bli sponsor for landslaga? Eit eventuelt landslagscomeback for Northug vil jo bety at han kan behalde sin avtale med Coop?

- Ingenting. Vår avtale med Petter Northug jr. har ingenting med sponsing av landslaga å gjere, svarar Friis.

(©NPK)

Petter Northug og veslebroren Even ved Coop-standen under Norway Cup på Ekebergsletta i 2014. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix