Annonse

TV-serien «Skam» blir tema i Folketinget i Danmark

Den tidlegare danske kulturministeren ber den noverande kulturministeren ordna opp slik at danskane igjen får følgje med på den norske TV-serien «Skam».

Annonse

Frå 13. januar var det ikkje lenger mogleg for sjåarar i utlandet å sjå den populære NRK-serien «Skam» frå utlandet på grunn av strid om musikkrettane i serien.

Den tidlegare utanriksministeren i Danmark Bertel Haarder er blant dei som reagerer. Han har sendt eit såkalla paragraf 20-spørsmål til kulturminister Mette Bock der han spør om ho vil arbeida for at danske sjåarar på nytt skal få full tilgang til serien.

- Ingenting betyr meir for den gjensidige nordiske språkforståinga enn uhindra tilgang til kanalane til nabolanda. Pippi Langstrømpe har hatt meir å seia enn alle sesjonane i Nordisk råd, skriv Haarder i grunngjevinga for spørsmålet.

- Det var eit stort tilbakesteg då pengeinteresser stoppa den fulle tilgangen danske tenåringar hadde til den norske TV-serien «Skam» på nettsida til NRK, skriv han vidare.

Ministeren må svara på eit paragraf 20-spørsmål innan seks vyrkedagar. Svaret blir då sendt tilbake til spørsmålsstillaren og blir dessutan lagt ut på nettsida til Folketinget.

(©NPK)