Tyrkia krev grundig gransking av Nato-øving i Stavanger

Tyrkiske styresmakter krev gransking av kommandolinjene under Nato-øvinga i Stavanger der president Recep Tayyip Erdogan vart framstilt som ein fiende.

NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg har opplyst at det var ein innleigd sivilist som hadde skulda for tabben.

Men denne forklaringa er ikkje god nok for regjeringa i Tyrkia, som har vore medlem av Nato sidan 1952.

- Finst det ikkje ei kommandolinje? Har ikkje denne sivile personen ein kommandant, sa Tyrkias EU-minister Ömer Celik søndag, ifølgje avisa Hurriyet.

Celik kommenterte saka under ein sikkerheitskonferanse i Halifax i Canada. EU-ministeren meiner det må gjennomførast ei gransking av kommandolinjene under Nato-øvinga på Jåttå i Stavanger.

I tillegg hevdar Celik at hendinga i Stavanger minner om metodane som blir brukt av tilhengarar av predikanten Fatullah Gülen, som blir skulda for å ha stått bak kuppforsøket i Tyrkia i fjor.

Både Nato og Noreg har beklaga hendinga i Stavanger, og Stoltenberg har forsikra at ei gransking allereie er i gang. Celik seier Tyrkia vil følgje nøye med på granskinga.

Både Erdogan og Tyrkias landsfader Mustafa Kemal Atatürk skal ha blitt framstilte som fiendar i meldingar på eit nettverk som vart brukt under øvinga på Jåttå.

(©NPK)

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan. Foto: AP/NTB scanpix