Tyrkisk løpsess utestengd for doping

Tyrkias langdistanseløpar Elvan Abeylegesse mister to OL-sølv og eitt VM-sølv etter å ha bli tatt i doping for gamle synder.

Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) seier at ein retest av prøver tatt etter friidretts-VM i 2007 viste spor av det forbodne steroidet stanozolol.

Det har gjort at Abeylegesse er utestengt i to år og at alle hennar resultat frå 2007 til 2009 vert strokne. I denne perioden vann ho sølv på 10.000 meter i VM 2007 og sølv både på 5000- og 10.000 meter under OL i Beijing i 2008.

Den 34-årige etiopiskfødde utøvaren er også utestengt i perioden 29. september 2015 til 29. september 2017. Det betyr at ho ikkje kan delta under VM i London på seinsommaren.

(©NPK)