UD ber nordmenn i München halde seg innandørs

(NPK-NTB): UD ber nordmenn i München følgje råd frå lokale styresmakter og halde seg innandørs.

– Vi er i kontakt med ambassaden, men vi har førebels ikkje fått konkrete meldingar om at det er nordmenn involvert. På ein vanleg dag er det sjølvsagt ofte nordmenn i München, så vi følgjer situasjonen nøye, seier Rune Bjåstad, kommunikasjonsrådgjevar i UD.

Vidare oppmodar han nordmenn til å følgje tips frå styresmaktene.

– I slike situasjonar er vår melding til nordmenn at dei må følgje råd frå lokale styresmakter. Politiet i München har oppmoda folk til å halde seg innandørs og vere i ro, seier han vidare. (©NPK)