Uendra rente i Storbritannia

Den britiske sentralbanken held styringsrenta uendra på 0,5 prosent.

Det blei klart på eit rentemøte torsdag. Samtidig signaliserer sentralbanken at det kan komme eit rentehopp i mai for å dempe inflasjonen i tråd med inflasjonsmålet.

Styringsrenta i Storbritannia blei heva i november i fjor for første gong på eit tiår.

(©NPK)

Mark Carney, sjef for sentralbanken Bank of England, under ein tale han heldt i London tidlegare denne månaden. Foto: PA / AP / NTB scanpix