Annonse

Ulv har tatt mykje sau i Hedmark

Rundt 80 sauer og lam er funne skadde eller drepne av ulv i Tolga, Tynset og Rendalen i Hedmark.

Annonse

Fellingsleiar Jo Esten Trøan i Tolga seier til NRK at dei avliva tre sauer tysdag morgon. Til saman 41 sauer er drepne på eit lite område i kommunen. Tidlegare i år er det blitt gitt fellingsløyve på ulv i Nord-Østerdalen.

Onsdag 13. juni gav Fylkesmannen i Oppland løyve til å felle ein ulv som vart sett i Øyer, rundt 18 mil sør for Tolga. Nationen skreiv at ulven truleg er den same som drap fem lam i nabokommunen Gausdal i Gudbrandsdalen i mai. Dette fellingsløyvet gjekk ut måndag 18. juni.

Tidlegare denne månaden vart det kjent at det ikkje blir nokon lisensjakt på ulv i Sverige til vinteren. Naturvårdsverket vil ikkje tillate jakt fordi det er for få ulvar i Sverige.

- Når målsettinga i Sverige er å auke bestanden, kan dette føre til fleire streifulvar på norsk side, seier Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet.

Om det blir lisensjakt i Noreg, blir avgjort til hausten.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix