Annonse

Ulv skoten på reinbeite i Lierne

(NPK-NTB-Peter Tálos): Ein ung hannulv vart onsdag skoten mens han jaga rein på eit beiteområde i Lierne i Nord-Trøndelag.

Annonse

Politiet i Nord-Trøndelag opplyste på Twitter ved 14.30-tida at ulven var skoten. Dei reiste til staden for å undersøkje saka. Av rovbasen til Miljødirektoratet går det fram av fellinga har skjedd i nødverje.

– Ulven vart skoten i Fossdalen da han jaga rein, seier leiar Kjell Jøran Jåma i Luru reinbeitedistrikt til Trønder-Avisa.

Reineigarane har vore på utkikk etter ulven etter at han vart sett for eit par dagar sidan, og det var éin av eigarane som skaut ulven onsdag.

– Vi er der no og undersøkjer og dokumenterer, seier lensmann Jørn Ove Totland.

Han seier at dyret skal sendast til Veterinærinstituttet for obduksjon. Det skal ikkje vere mange ulv i Lierne, som ligg inn mot grensa mot Sverige.

I lisensjakta gav Rovviltnemnda opphavleg lisens for å felle ulv i region Midt-Noreg, men desse dyra var meint å skulle fellast i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, skriv avisa.

Likevel opna nemnda for jakt på ulv i Nord-Trøndelag òg etter at det i år vart påvist det som sannsynlegvis er ulveskadar på sau og lam i Stjørdal og Meråker.

I ein e-post til NTB opplyser Miljødirektoratet at nødverjefellinga av ulven i Lierne onsdag blir rekna med i den opphavlege kvoten på to dyr for region 6 Midt-Noreg. (©NPK)