Ulvemerkinga kosta ein million kroner

Prisen for å festa sporingsradio på 14 ulvar i Trysil blei ein million kroner.

- På dei fem dagane Statens naturoppsyn merkte 14 ulvar i Osdal- og Slettåsreviret, blei det brukt om lag ein million kroner. Dei store kostnadane er helikopterbruk, sendarar, bedøving og innleigd personell, opplyser medierådgjevar Dag Stian Husby i Miljødirektoratet til VG.

Det var svært gode forhold for ulveleiting frå helikopter den veka merkinga skjedde. I tillegg var området ope slik at det var lett å oppdaga ulvane.

- Tilhøva for merking var gode dei fem aktive dagane vi har hatt hittil. Kostnaden per ulv kan stiga viss vi blir nøydde til å arbeida under vanskelegare vêrtilhøve vidare, seier Husby.

Direktoratet skriv på nettsida si at det vil vera aktuelt å radiomerka ulvar i andre revir innanfor ulvesona for å kartleggja vandringar til både leiarpar og ungulvar.

(©NPK)