Annonse

Underskot trass auka omsetning for Yara

Sjølv om Yaras inntekter i andre kvartal auka med 16 prosent i andre kvartal, blei fjorårets overskot snudd til underskot for gjødselgiganten.

Selskapet enda med eit resultat før skatt på minus 261 millionar dollar i årets andre kvartal. Beløpet svarar til 2,11 milliardar kroner etter dagens kurs. I same periode i fjor fekk selskapet eit overskot på 115 millionar.

Drifta gjekk rett nok i pluss, men overskotet her fall frå 130 millionar kroner for eit år sidan til 38 millionar i år.

Dette skjer samtidig som omsetning og andre inntekter auka frå 2,76 milliardar kroner i andre kvartal 2017 til 3,19 milliardar i år.

Yara trekkjer fram auka gasskostnader som ein faktor som påverka kvartalsresultatet, samtidig som auka leveransar og priser på selskapets produkt trekte i positiv retning. Ein sterkare dollar gav eit valutatap for selskapet.

(©NPK)

Dyrare dollar og dyrare gass førte til eit svekt resultat for Yara trass auka inntekter. Illustrasjonsfoto: Vegard Grøtt / NTB scanpix