Undersøking: Dødsbrann er eit sosialt problem

Eit forskarteam i Trondheim har gått gjennom nesten 400 brannar på ti år. Forskarane er overraska over samanhengen med sosiale forhold.

Undersøkinga, som er laga på oppdrag for Justis- og beredskapsdepartementet, omfattar 400 brannar i perioden 2005 til 2014.

- Vi fann at dødsbrannar i stor grad er eit sosialt problem, i alle fall når det gjeld omkomne som er under pensjonsalder, seier Christian Sesseng, forskar ved RISE Fire Resarch senter, til NRK.

Resultata viser eit klart skilje ved alderen 67 år når det gjeld årsaka til kvifor ein døyr i brann. Blant dei under 67 år var 87 prosent knytt til rusmisbruk, alkoholpåverknad under brannen, kjent psykisk liding eller at vedkommande var røykjar. I 64 prosent av tilfella var minst to av dei nemnde risikofaktorane knytt til den omkomne.

Blant dei over 67 år var det nedsett rørsleevne og nedsette kognitive evner, i tillegg til røyking og psykiske lidingar, som gjekk igjen.

- Eg er ganske overraska over at det er såpass sosial samanheng som det ser ut til å vere, seier Sesseng.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix.