Annonse

Ung mann sikta for brannar i Bryne

Ein mann i 20-åra frå Bryne er sikta for å stå bak åtte brannar i området den siste tida. Ei kvinne i 20-årene er sikta for å ha deltatt ved sju tilfelle.

Politiadvokat Lene Tesdal Tonstad i Sørvest politidistrikt bekreftar siktingane overfor Stavanger Aftenblad.

Forsvararen til mannen, advokat Håkon Eliassen, avslår å kommentere siktinga og vil ikkje seie om klienten hans har erkjent å ha noko med brannane å gjere.

Det har vore åtte brannar på Bryne i sommar, og politiet gjekk tidleg ut og sa at det truleg var ein brannstiftar på ferde. Tre personar er sikta så langt og blir framstilt for varetektsfengsling i Jæren tingrett måndag.

I tillegg er ein 22 år gammal mann frå Bryne sikta for vere delaktig i den siste brannen, då ein brakkerigg like ved Timehallen vart sett i brann sist torsdag. Han slapp ut av fengsel sist måndag, men var inne til soning då dei sju første brannane starta.

(©NPK)