Annonse

USA etablerer eigen romstyrke

USA skal etablera ein eigen romstyrke som ei sjette forsvarsgrein.

Annonse

President Donald Trump har gjeve forsvarsdepartementet Pentagon ordre om å etablera ein romstyrke som ei sjette forsvarsgrein.

- Dette er ei stor kunngjering. Vi skal ha luftforsvaret, og så skal vi ha romstyrken, separat, men likeverdig, sa Trump under eit møte i National Space Council.

Frå før er det amerikanske forsvaret delt inn i hæren, marinen, luftforsvaret, marinekorpset og kystvakta. Luftforsvaret så langt hatt ansvar for store delar av romverksemda.

Ideen har vore diskutert tidlegare, og har ei viss støtte i Kongressen, sjølv om forsvarsdepartementet Pentagon ifølgje CNN har vore skeptisk.

(©NPK)

USAs president Donald Trump under eit møte i USAs nasjonale forsvarsråd måndag. Foto: AP/NTB scanpix