Annonse

USA gir Russland Aleppo-ultimatum

(NPK-NTB-AP): Utanriksminister John Kerry seier USA vil kutte all kontakt med Russland om situasjonen i Syria viss ikkje bombinga av Aleppo blir stoppa.

Utanriksdepartementet i Washington seier Kerry la fram ultimatumet for sin russiske motpart Sergej Lavrov i ein telefonsamtale onsdag.

Kerry uttrykte stor bekymring for dei syriske og russiske styrkane sine angrep på sjukehus, vassforsyning og anna sivil infrastruktur i Aleppo, opplyser Kerrys talsmann John Kirby.

Onsdag blei det kjent at dei to største sjukehusa i Aleppo var blitt bomba, noko FNs generalsekretær Ban Ki-moon slår fast er eit krigsbrotsverk.

USA held Russland ansvarleg for bruken av brannbomber og såkalla bunkersknusarar mot byen, seier Kirby.

– USA er førebudd på å stoppe det amerikansk-russiske samarbeidet om Syria, inkludert eit føreslått samarbeid mot terrorgrupper, viss ikkje Russland umiddelbart tek skritt for å stoppe angrepa mot Aleppo og opprettar våpenkvila på ny, sa Kerry i samtalen med den russiske utanriksministeren. (©NPK)