USA: Nord-Korea avlyste møte med Mike Pence i siste liten

USAs visepresident Mike Pence skal ha vore villig til å møte Nord-Koreas representantar under OL-besøket, men fekk nei. 

Planen var at representantar frå Nord-Korea skulle møte Pence då han besøkte OL i Pyeongchang under opningsseremonien tidlegare denne månaden.

No fortel det amerikanske utanriksdepartementet at møtet mellom landa vart avlyst av Nord-Korea i siste liten.

- Pence var klar for denne moglegheita og ville nytte høvet til å understreke amerikanske bekymringar om Nord-Koreas atomprogram, fortel ei talskvinne for det amerikanske utanriksdepartementet, Heather Nauert.

- Det er beklageleg at Nord-Korea ikkje vel å utnytte denne moglegheita.

Dagen før OL-start melde Nord-Koreas statlege nyheitsbyrå KCNA at «landet har absolutt ingen planar» om å møte USA i Sør-Korea. Meldinga kom etter at USAs visepresident dagen før sa at amerikanarane ville offentleggjere dei hardaste sanksjonane mot Nord-Korea nokosinne.

Pence delte tribune med dei nordkoreanske leiarane under OLs opningsseremoni. Dei var også i same VIP-rom, utan å formelt møtast.

I eit intervju med The Washington Post på veg heim frå vinter-OL i Sør-Korea sa visepresidenten at USA vil halde oppe sanksjonane mot Nord-Korea, men at Washington er villig til å snakke med styresmaktene i landet.

(©NPK)