Annonse

USA om Nord-Korea: Må førebu oss på det verste

Pyongyangs FN-ambassadør Kim In-ryong seier det kan bryte ut atomkrig mellom USA og Nord-Korea når som helst. USA seier dei førebur seg på det verste. 

Annonse

USAs viseutanriksminister John Sullivan møtte tysdag sin japanske motpart Shinsuk Sugiyama og dei vart samde om å legge så mykje press på Nord-Korea som mogleg.

- Men vi må, saman med våre allierte i Japan, Sør-Korea og andre stadar, førebu oss på det verste, i tilfelle diplomati ikkje skulle fungere, seier Sullivan.

Møtet i Japan finn stad dagen etter at Nord-Koreas FN-ambassadør talte til nedrustingskomiteen i hovudforsamlinga i FN-hovudkvarteret i New York. Kim understreka at aldri før har eit land fått så ekstreme og direkte atomtruslar frå USA, og at Nord-Korea har rett til å forsvare seg.

Han sa også at Nord-Korea er blitt ei fullverdig atommakt og har både atombomber, hydrogenbomber og interkontinentale ballistiske missil.

- USAs fastland er innan rekkjevidd og dersom USA invaderer oss vil dei ikkje sleppe unna vår straff nokon stad på kloden, sa Kim.

Søndag sa USAs utanriksminister Rex Tillerson at han lovar å prøve søke ei diplomatisk løysing med Nord-Korea heilt til første bombe fell. Dagen etter innleidde USA og Sør-Korea ein ti dagars militærøving utanfor kysten av Koreahalvøya.

(©NPK)

Nord-Korea testa eit nyutvikla missil av typen Hwasong-12 i september. Foto: Jon Chol Jin / AP / NTB scanpix