Annonse

USAs FN-ambassadør: Russlands innblanding i presidentvalet var krigføring

USAs FN-ambassadør Nikki Haley omtaler Russlands rolle i det amerikanske presidentvalet i 2016 som «krigføring».

Annonse

Haley langa ut mot Russland under ein konferanse som George W. Bush Institute arrangerer, torsdag.

- Russarane, gud velsigne dei, dei seier: Kvifor er alle amerikanarar antirussiske? Og kvifor har vi innført sanksjonar? Vel, ikkje bland dykk inn i vala våre, så skal heller ikkje vi vere antirussiske, seier ambassadøren og legg til:

- Når eit land kjem og uroar valet i eit anna land, da er det krigføring.

Dei amerikanske etterretningstenestene har stilt seg samla bak konklusjonen om at Russland blanda seg inn i det amerikanske presidentvalet i 2016, ein konklusjon president Donald Trump har avvist.

Det er starta ei føderal etterforsking for å granske dei russiske handlingane og det moglege samarbeidet med Trumps valkampapparat.

(©NPK)

USAs FN-ambassadør Nikki Haley, her under eit møte i FNs tryggingsråd i september. Foto: Bebeto Matthews / AP / NTB scanpix