Annonse

Utøya-talarane maner til framleis kamp

(NPK-NTB-Anna Nesje og Andreas Løf): AUF-leiar Mani Hussaini seier kampen mot hat og ekstreme krefter må fortsetje. – Det var dette som drap den dagen, seier han og får støtte frå partileiar Jonas Gahr Støre.

– Det er framleis heilt utruleg at dette råka oss. At det var vi som skulle bli ofre for det største terrorangrepet i norsk historie. For det var det vi var. Og vi må ikkje gløyme at det framleis er mange som har det vondt, sa Hussaini i sin tale frå scenen på Utøya, framfor grasbakken der AUF-arar har sete mange gonger før. Før 2011 for å høyre engasjerte talarar under dei mange sommarleirane på øya. Denne gongen for å minnast det grufulle som skjedde der for fem år sidan. 69 menneske blei drepne, og berre noko av sorga er blitt lettare å bere.

– Vi må sjå kvarandre. Vi må vise samhaldet, støtta og rausheten også i tida som kjem, sa AUF-leiaren, som mana til framleis kamp mot hat og ekstreme krefter.

– Det var dette som drap den dagen! Vi ser at hatet ikkje er borte, og at ideen om at alle menneske ikkje er like mykje verdt, framleis finst, sa han.

Mange av dei unge opplesarane viste sterke kjensler, men las alle namna høgt og tydeleg. Etterpå la dei fem store blomsterkransar lagt ned, før eitt minutts stille og ein trompetsolo med «Til ungdommen» fylte kaiområdet.

Om lag på det same tidspunktet for fem år sidan var det like før angriparen var på veg over fjorden for å gjere det verste terrorangrepet på norsk jord.

– Vi samlast fordi vi kan velje å ha håp for framtida. Vi slår ring om kvarandre for alle dagar som kjem. De som er merka, og de som mista nokon. Minna ber vi i hjarta våre for alltid, sa Støre.

– Det nyttar å stå opp for verdiar vi står for. Det er lov å fortvile, men det er òg lov å ha håp. For dette er stridar som må kjempast igjen og igjen og igjen, sa Støre om dei mange terrorangrepa som har råka sivile over heile verd dei siste åra.

– Vi må halde det vi lovde, og vi lovde: Aldri meir 22. juli, sa Røyneland, som var første talar under arrangementet på Utøya. Ho var også oppteken av at sorga kanskje blir sterkare etter kvart som resten av samfunnet føler seg fjerne frå terrorangrepa for fem år sidan.

– Sorga og sakna blir endå tydelegare for oss etter kvart som samfunnet rundt oss naturleg nok går vidare. Derfor er det viktig for oss å fortsetje å markere denne dagen i år, og i åra som kjem.

– Eg kan love dykk at støttegruppa vil vere her for de så lenge de har behov for oss, sa ho. (©NPK)