Utsett kontraktsignering for ambulanseflytenesten

Luftambulansetenesta utset signeringa av ny kontrakt for ambulanseflytenesta til helseføretaka 

To selskap konkurrerte om å vinne anbodet på nye ambulanseflytenester i Noreg. Lufttransport AS tapte anbodskonkurransen for Babcock SAA FW AB, og selskapet varslar no at dei vil be Salten tingrett om mellombels rådgjerd.

I ei pressemelding frå Luftambulansetenesta HF heiter det at dei i "tråd med regelverk og god forretningsskikk" ventar med å signere kontrakten med anbodsvinnaren til etter at tingretten har behandla saka.

- Det er forståeleg at tapande part som i dag driv tenesta ønsker å prøve dette for retten ettersom ambulanseflytenesten utgjer så stor del av verksemda til selskapet, seier administrerande direktør Øyvind Juell i Luftambulansetenesta HF.

Det er ikkje venta at utsetjinga vil føre til forseinkingar i anskaffinga eller påverke tenestetilbodet.

Det skal bli levert åtte propellfly og eit jetfly med pilotar, styrmann og tekniske tenester. To fly er dagfly og resten har heildøgnsberedskap alle dagar i året.

(©NPK)

Eit ambulansefly frå selskapet Lufttransport AS på Ålesund lufthamn Vigra.
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix