Uvêr fører til ras, velta tre og cruiseskipsproblem

Kraftig vind og nedbør siste døgn har skapt problem særleg langs kysten av Sør-Noreg det siste døgnet. Masfjordtunnelen er stengd av steinras.

Tysdag formiddag gjekk det eit ras i Masfjorden i Hordaland, og E39 er difor stengd. Omkøyringsvegen fylkesveg 383 Indre Haugsdal er også stengd som følgje av raset.

Ifølgje Statens vegvesen vil vegen ikkje bli opna tysdag, og ei ny vurdering av situasjonen vil bli gjort onsdag klokka 10. I mellomtida blir det sett inn nattferjer for å hjelpa folk som ferdast i området.

Inst i Aurlandsfjorden i Sogn var vinden så kraftig at cruiseskipet Aurora ikkje kom seg til kai i Flåm tysdag morgon, skriv Sogn Avis.

- Skipet skulle til Flåm, men på grunn av sterk vind valde kapteinen å snu og gå rett vidare til Hellesylt, opplyser assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje i Aurland.

Trevelt

Driftsleiar Alf Sigurd Strømsnes i Flåmsbana seier til NRK at vinden ikkje har påverka togtrafikken.

- Men fordi skipet måtte snu, miser vi om lag tusen passasjerar som skulle reist med Flåmsbana i dag, seier han.

I Gloppen velta eit tre og trefte ein hjelpemann på ein søppelbil på Vereide i Gloppen. Mannen var ved medvit då han blei køyrt til sjukehuset i Førde.

Snøføre

Tysdag morgon var det nysnø i fjellet fleire stader. Vegvesenet ber trafikantane om å ta omsyn til køyretilhøva over Sognefjellet.

Det er meldt om kraftig vind opp til full storm langs kysten frå Hordaland og heilt opp til Trøndelag. Fleire stader blir det åtvara mot å vera ute i småbåt. I fjellet i Sør-Noreg er det også meldt om liten til full storm.

Tysdag ettermiddag melde Yr om sterk vind i fjellet i Sør-Noreg, med styrke over 40 meter per sekund enkelte stader.

Lenger nord i landet er det venta mykje regn med fare for lokal flaum.

(©NPK)

Statens vegvesen åtvarar bilistar mot å køyra med sommardekk over Sognefjellet på grunn av snøvêr og glatte køyreforhold.
Her fylkesveg 55 ved Sognefjellhytta tysdag. Foto: Statens vegvesen / NTB scanpix