Valdelege protestar i Madrid 

Det braut ut valdelege samanstøyt mellom spansk politi og demonstrantar etter at ein gateseljar døydde etter ei politijakt. 

Torsdag kveld tok hundrevis av demonstrantar til gatene i den spanske hovudstaden etter at den 35 år gamle gateseljaren Mbame Ndiaye frå Senegal døydde.

Demonstrantane sette fyr på fleire søppelkasser og ein motorsykkel, og kasta steinar mot spansk politi i det fleirkulturelle nabolaget Lavapiés i Madrid.

Politiet skaut med gummikuler mot demonstrantane, og seks personar er arresterte. 16 politimenn og fire sivile er såra.

Spansk naudetat seier at mannen blei funnen medvitslaus på gata av spansk politi. Då naudetaten kom, var mannen død. Dødsårsaka skal ha vore hjartestans. Vitne seier at mannen blei jaga av politiet frå Puerta del Sol-plassen.

Ordførar i Madrid Manuela Carmena skreiv på Twitter at dødsfallet skal undersøkjast.

Cheikh Ndiaye, president i foreininga for senegalesiske innvandrarar i Spania, meiner at dødsfallet var eit «rasistisk» angrep.

- Senegalesarar korkje stel eller øydelegg ting. Dei skader ingen, seier Ndiaye.

Nesten 29.000 migrantar kryssa den spanske grensa i fjor. Fleire tok seg over frå Afrika med båt. Dødsfallet torsdag kveld har også sett søkelyset på dei mange innvandrarane som oppheld seg i Spania ulovleg.

(©NPK)

Demonstrantane tente på fleire søppelkasser og kasta stein mot politiet etter at gateseljar frå Senegal døydde etter politijakt. Foto: Alejandro Martinez Velez / AP / NTB scanpix