Annonse

Valforskar meiner Sandbergs avgang kan opne for KrF

Ei regjering utan kontroversielle Frp-statsrådar, kan gjere borgarleg regjeringssamarbeid meir freistande for KrF, meiner valforskar Johannes Bergh.

Etter at både Sylvi Listhaug og Per Sandberg har måtte trekkje seg som høvesvis justisminister og fiskeriminister, er det ingen Frp-ministrar igjen i regjeringa som representerer «grasrot-Frp».

- Eg trur KrF kjem nærmare regjeringa når dei mest populistiske elementa i Frp kjem litt i bakgrunnen. Ei regjering utan Sylvi Listhaug er ei meir etande regjering, og også avgangen til Per Sandberg er truleg positivt for korleis KrF ser på regjeringssamarbeid, seier Johannes Bergh, valforskar ved Institutt for samfunnsforskning til Vårt Land.

Han får støtte frå fleire. Deriblant politisk redaktør Skjalg Fjellheim i Nordlys som trur mindre bråk og splittande retorikk mogleggjer eit samarbeid.

- Det kan gjere det enklare for Hareide å gå inn i regjering når Frps rabulistiske statsrådar er ute, seier han.

Jan Arild Snoen i Minerva meiner KrF er vanskelege å spå.

- Knut Arild Hareide har ein «sjukdom». Den heiter kronisk avgjerdsvegring, og det er ikkje lett å spå kva som påverkar KrF, seier han til avisa.

(©NPK)

Valforskar Johannes Bergh meiner Sandbergs exit kan gjere at KrF er meir opne for regjeringssamarbeid. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix