Annonse

Valkamppause med hotellopning for Trump

(NPK-NTB-AP): Sjølv om han ligg bak Hillary Clinton på dei fleste meiningsmålingane, hadde Donald Trump Det kvite hus i sikte da han opna det nye hotellet sitt i Washington onsdag.

Presidentkandidaten til Republikanarane tok ein pause i valkampen for å vere med på opninga av det nye hotellet sitt i Washington. Det har fått enkelte til å kritisere forretningsmannen, ettersom det berre står igjen to veker før valet.

Trump seier han deltok «for å vere der» for familien, og at han går i gang med valkampen igjen så fort opninga er over.

Hotellet ligg berre nokre få kvartal frå Det kvite hus, og Trump seier at om ein ser vekk frå presidentbustaden, så er dette «den mest ettertrakta tomta i Washington DC».

Trump meiner at det at han har klart å ferdigstille hotellet til ein lågare pris enn det som var budsjettert, og dessutan før tida, gjer han til den beste til å få liv i den «øydelagde» føderale regjeringa igjen. (©NPK)