Varslar prisauke på norsk mjøl

Ein dårleg kornhaust i Noreg og mange andre europeiske land skaper stor etterspørsel og prisauke på mjøl, varslar norske møller.

Kombinasjonen av varme og lite nedbør har ført til avlingssvikt for mange norske kornbønder i år. Innhaustinga er berre så vidt i gang, men mykje tyder på at norske kornavlingar vi bli meir enn halverte, særleg i Sør-Noreg. Det skriv bakeri.net.

- Vi begynner å få ein viss oversikt no, og det ser ut som vi får inn ein stad mellom 35 og 40 prosent av det vi hadde kontrakt på, seier dagleg leiar i Holli Mølle, Trygve Nesje, til nettstaden.

Han fortel at kvaliteten er god, men at problemet er hektolitervekta.

- Kornplanta har tørka inn før den siste fasen då kornet skal fylle seg opp. Derfor er størrelsen og vekta på kornet blitt mindre enn normalen, seier Nesje.

Han har allereie varsla sine kundar om ein sannsynleg prisoppgang i 2019, men påpeikar at auken ikkje blir stor.

Det same gjeld Økologisk Spesialkorn, som produserer mjøl laga av urkornsortar, hovudsakleg dyrka i Noreg.

- Ein del emme og spelt ser faktisk ut til å ha klart seg litt betre enn mykje anna korn, men også hos oss blir det reduserte avlingar, og bakarane må nok forvente seg ein prisoppgang på vårt mjøl ganske kjapt, seier dagleg leiar Anders Næss.

(©NPK)

Norske møller forventar ein prisauke på mjøl etter ein varm og tør sommar. Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland / NTB scanpix