Annonse

Vedum om Arendalsveka: - Ein lobbyfest

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner lobbyistane tar altfor stor plass under Arendalsveka. Han vel difor å forlate tidleg for å besøkje distrikta.

- Det blir få kvardagssamtalar der. Det er mykje flott på Arendalsveka, men når ein skal prioritere tid, er det viktigare for meg å vere rundt i landet og treffe folk som ikkje jobbar til dagleg med politikk eller politisk påverknad, seier Vedum til Nationen.

Han forlèt den politiske festivalen etter partileiardebatten tysdag kveld, og skal heller reise til Sørlandet og Røst ytst i Lofoten for å møte folk i distrikta.

- Senterpartiet skal stille opp med debattantar. Men eg vil heller jobbe med å få lister til lokalvalet neste haust og vere ute og møte folk, seier han.

Vedum beskriv det som strevsamt å vere til stades i Arendal, fordi det rett og slett er så mange interesseorganisasjonar der.

- Arendalsveka blir ein andedam for alle heiltidslobbyistar. Det blir brukt altfor mykje pengar på å påverke norsk politikk og offentlegheit. Folkevalde skal representere folket i Noreg, og kjempe for deira interesser, meiner han.

Arendal-ordførar Robert Cornels Nordli (Ap) leier arrangementsrådet i Arendalsveka. Til Nationen fortel han at det berre er 35 arrangement som blir haldne av kommunikasjonsbyrå.

(©NPK)

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum seier til Nationen at Arendalsveka er ein lobbyfest, ikkje folkefest. Her under partitimen til Sp i fjor. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix