Annonse

Veka starta med nedtur på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,53 prosent til 697,17 poeng på den første handelsdagen i veka.

Annonse

Hovudindeksen passerte fredag 700 poeng for første gong og enda på 700,85 poeng ved børsslutt. Måndag er det mykje raude tal blant dei mest omsette selskapa, blant dei Seadrill (-8,35), Aker Solutions (-3,96), Petroleum Geo-Services (-2,98), Bakkafrost (-3,92), Subsea 7 (-2,30) og Statoil (-1,19).

Enkelte selskap enda dagen i pluss, og ingen steig så mykje som Golden Ocean Group, som auka 7,56 prosent. Også Norsk Hydro (+0,40), Telenor (0,08), Orkla (+0,32), Gjensidige (+0,15) og DNO (+0,33) steig i verdi måndag.

Fosnavåg-reiarlaget Havila Shipping auka med 3,76 prosent etter at det blei kjent at dei har inngått ein avtale med Haugesund-selskapet Reach Subsea ASA for subsea-fartøyet Havila Subsea i tre år. Kontrakten gjer at eitt av dei mest verdfulle skipa til selskapet er ute av opplag.

Dei europeiske børsane fell også. FTSE 100-indeksen i London fall 0,82 prosent, CAC 40 i Paris fall 0,85 prosent, mens DAX 30-indeksen i Frankfurt gjekk ned 0,91 prosent.

Eit fat nordsjøolje blir omsett for 55,02 dollar, mens tilsvarande mengd amerikansk lettolje blir seld for 52,42 dollar.

(©NPK)