Annonse

Vektløftarar frå Russland ikkje med til OL

(NPK-NTB-AFP-Ritzau): Russland sine utøvarar innan vektløfting kjem ikkje med til OL, ifølgje Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF).

Åtte russiske vektløftarar var tekne ut til leikane, men får ikkje delta som følgje av den russiske dopingskandalen.

– På grunn av russarar har vektløftinga sitt omdømme lidd alvorleg skade fleire gonger og på mange nivå. Dermed har IWF valt ein passande sanksjon, dette for å bevare sporten sin status, skriv forbundet på sin nettstad.