Språkrådet blir i Oslo 

Kulturdepartementet har vedtatt at Språkrådet ikkje skal flyttast ut av Oslo. 

Kulturdepartementet har gjennomført ei utgreiing om kvar Språkrådet skal plasserast. Bergen, Bø i Telemark og Stjørdal i tillegg til Oslo var vurdert som moglege lokaliseringsstader. No er det vedtatt at Språkrådet ikkje skal flyttast ut av hovudstaden.

Oslo er det staden som kan tilby dei mest relevante fagmiljøa innanfor områda Språkrådet forvaltar, Språkrådet bør derfor liggje i Oslo for å ha god nok tilgang på desse, ifølgje Kulturdepartementet.

- Med flytting av Språkrådet vil det vere ein svært høg risiko for tap av kompetanse på område der det er vanskeleg å rekruttere ny kompetent arbeidskraft, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Venstres kommunalpolitiske talsperson André N. Skjelstad sa i mars at Bergen låg godt an til å få Språkrådet til byen.

Guri Melby, som tidlegare har vore byråd for partiet i Oslo, er styreleiar for Språkrådet og har vore mot å flytte. Ifølgje Bergens Tidende har ho fått med seg Venstre-leiar Trine Skei Grande på laget.

- Når Venstre ikkje vil, så blir det ikkje flytting. Dette er Venstres sak, seier ei kjelde i regjeringspartia.

(©NPK)