Annonse

Venstreleiaren fryktar folk ikkje vil våga å seia frå om tryggleiksbrot

Venstre-leiar Trine Skei Grande meiner Per Sandberg tok ei klok avgjerd då han gjekk av, men åtvarar mot ein kultur der det ikkje er lov å gjera feil.

- Eg synest det var ei klok avgjerd basert på fakta som låg på bordet, seier Grande like før partitimen til Venstre under Arendalsveka tysdag.

Ho viser spesielt til at Per Sandberg bevisst har valt ikkje å informera om Iran-turen og at han tok med seg telefon, og dessutan takka nei til ein tryggleikssamtale.

Men Grande åtvarar samtidig mot at saka skal føra til ein fryktkultur som undergrev tryggleiken.

- Eg er engsteleg for at vi no skal laga ein kultur der alle dei tusenvis av menneska som skal ta omsyn til slike typar reglar aldri skal få lov å gjera feil. Vi politikarar må halda ein høgare standard, men sjåføren min og PST-tilsette må våga å seia frå om dei gjer ein feil. Viss ikkje gjer vi landet mindre sikkert, seier Grande.

- Sakna Nesvik

Kulturministeren seier ho gler seg over å ha fått Harald Tom Nesvik (Frp) som regjeringskollega.

- Eg har sete saman med han som parlamentariske leiar i fire år og eigentleg har eg sakna han litt. Det trur eg skal bli eit godt samarbeid, seier Grande om den ferske fiskeriministeren.

Grande måtte konstatera at Sandberg stal showet ved å varsla media om ein pressekonferanse med kjærasten sin Bahareh Letnes samtidig som Venstre heldt partitime. Venstre-leiaren heldt likevel koken på scenen der ho snakka om korleis åndsverk må bli til årsverk.

Suksesshistorier

- Noreg skal gjennom ei stor omstilling og finn nye næringar og ha stor grad av innovasjon. Der spelar kunst og kultur ei avgjerande rolle med innovasjonskompetansen det har. Men så trur eg vi har eit næringspotensial innanfor kunst og kultur som er mykje større enn det vi vanlegvis snakkar om, seier Grande til NTB.

Ho snakkar både om eksport av norsk musikk og bøker og viser til suksesshistorier som Kygo og Maja Lunde.

- Vi må ikkje tenkja på det som Norges-fremjing, men som eksportnæringar.

Ho held spesielt fram bokbransjen som eit forbilde for andre delar av kulturlivet.

- Ein må forstå at innanfor dette feltet er det både børs og katedral, seier Grande.

(©NPK)