Annonse

Verdscuprenna i Russland avlyst

(NPK-NTB-DPA): Det blir ikkje noko verdscuprenn i hopp i russiske Nizjnij Tagil denne sesongen. Onsdag kom FIS med beskjeden to månader før sesongen startar.

Annonse

Det internasjonale skiforbundet (FIS) seier at avlysingane av renna kjem som følgje av at arrangørane ikkje har følgt kravet om eit nytt vindnett og dei har heller ikkje garantert for premiepengane i tide.

Det skulle vore arrangert to renn for menn og to renn for kvinner frå 10. til 11. desember. Det er enno ikkje klart om renna vil gå ein annan stad.

Verdscupen i hopp startar i finske Ruka 25. november.

Anders Fannemel vann eitt av renna i 2014. (©NPK)