Annonse

VG: Solberg meiner Støre bryt skikk og bruk

Statsminister Erna Solberg (H) meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre går for langt når han støttar mistillit mot Sylvi Listhaug  (Frp), sjølv om ho har sagt unnskyld.

Annonse

Statsminister Erna Solberg (H) meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre går for langt når han støttar mistillit mot Sylvi Listhaug (Frp), sjølv om ho har sagt unnskyld.

- Når det er gitt ei unnskyldning utan atterhald, slik som har skjedd i denne saka, så burde det vore tilstrekkeleg. Det er i tråd med normal kutyme, seier Solberg til VG.

Listhaug, som er justis-, beredskaps- og innvandringsminister, bad torsdag om unnskyldning fleire gonger frå talarstolen på Stortinget. Bakgrunnen er Facebook-posten, der ho skulda Arbeidarpartiet for å sette rettane til terroristar føre tryggleiken til landet. Likevel gav Støre torsdag ettermiddag beskjed om at Ap vil støtte mistillitsforslaget frå Raudt mot Listhaug.

Ifølgje Dagens Næringsliv var ikkje den første unnskyldninga ordlagt slik Listhaug hadde avtalt med statsministeren på førehand. Men Solberg vil ikkje kommentere dette.

(©NPK)