Annonse

Vil sperre rundt 4.000 norske betalingskort etter svindel

(NPK-NTB): Betalingsformidlaren Nets ber norske kundar om å byte ut til saman rundt 4.000 betalingskort som kan ha vore utsette for svindel under netthandel.

Alle dei aktuelle bankkorta er brukte i den same utanlandske nettbutikken i det same tidsrommet, opplyser Nets til NRK. Selskapet vil ikkje seie kva butikk det er snakk om, men har mistanke om at store mengder kortinformasjon har hamna i feil hender.

Det er ikkje sikkert at all informasjonen er misbrukt. Kommunikasjonssjef Stein-Arne Tjore i Nets seier rådet deira er «en preventiv jobb for å unngå og forhindre mer misbruk».

– Vi har tilrådd ei utskifting av om lag 4.000 norske kort, seier han.

«Av hensyn til de tiltak som er og blir iverksatt, kan vi dessverre ikke si noe om den aktuelle nettbutikken eller hvor den har sin opprinnelse», skriv Nets i ein e-post.

I Danmark må opptil 100.000 bankkort sperrast, ifølgje dansk TV 2. Det er den største kortsvindelsaka i Danmark nokon gong.

Ifølgje ei pressemelding frå Nets i Danmark skal bankane ta kontakt med kundane det gjeld, dersom selskapet finn det nødvendig å sperre bankkortet. (©NPK)