Annonse

VM-heltane til Frankrike hylla av enormt folkehav

Champs-Élysées var fylt til randa då dei nybakte verdsmeistrane til Frankrike blei gjort stas på under ein bussparade i Paris måndag.

Det franske laget blei frakta rett frå flyplassen til paraden. Deretter gjekk turen opp Champs-Élysées, og som venta var mottakinga enorm. Hundretusenvis møtte opp langs den mest kjente gata i hovudstaden. Dei aller ivrigaste kom fleire timar i førevegen.

Rundt 2000 politifolk var på jobb for å passe på at feiringa gjekk for seg i kontrollerte former. Natt til måndag måtte politiet bruke tåregass og vasskanonar for å skilje eit tosifra tal bråkmakarar.

Frankrike sikra VM-gullet med 4-2-siger over Kroatia i finalen i Moskva søndag. Det er andre gong i historia at franskmennene har enda opp som verdsmeistrar. Første gong var på heimebane i 1998.

Stolt president

Etter bussparaden skal «Les Bleus» vidare til Elyséepalasset for å bli tatt imot av president Emmanuel Macron i Frankrike og kona hans Brigitte. Macron var sjølv til stades på Luzjniki stadion og fekk med seg VM-triumfen frå VIP-tribunen. Presidenten var ikkje redd for å sleppe seg laus og jubla ellevilt undervegs i kampen.

Etter sigeren prøvde han seg på ein «dab» med dei franske spelarane i garderoben.

- Eg er veldig stolt, sa Macron til radiostasjonen RMC.

Dei ferske verdsmeistrane vil bli tildelt den prestisjetunge Æreslegionen, melder TV-kanalen France 2. Det er den fremste utmerkinga i Frankrike.

Like stort som i 1998

Didier Deschamps var kaptein da Frankrike vann VM for 20 år sidan. Søndag gjentok han bragda som trenar og slutta seg til ein eksklusiv klubb. Inntil i år var Mário Zagallo (i 1970) og Franz Beckenbauer (i 1990) åleine om å ha trent eit lag til VM-gull etter å ha vunne også som spelar.

- Dette er like stort og like vakkert som i 1998, sa Deschamps da han blei spurt om å samanlikne dei to VM-triumfane til Frankrike.

- Vi har gjort noko heilt utruleg og skapte historie. Dette skal vi nyte. Vi skal møte våre familiar og ha det gøy. I morgon vil det vere det same i Frankrike, då skal vi feste med det franske folk, sa Antoine Griezmann etter finalesigeren søndag.

Atlético Madrid-stjerna scora på ein omdiskutert VAR-straffe mot Kroatia.

(©NPK)

Hugo Lloris med VM-trofeet etter landing i Paris. Foto: Bob Edme / AP / NTB scanpix

Franskmennene møtte opp i hopetal for å hylle VM-heltane. Foto: Jean-François Badias / AP / NTB scanpix