Vogntog fullt av fisk heng på stupkant i Troms

Eit vogntog fullasta med fisk fekk problem i ein bakke torsdag kveld og sperrar fylkesveg 57 på Kvaløya i Troms. Tre bygder er isolerte.

Bilen var på veg til Danmark med fiskelasta då den fekk problem. Operasjonsleiar Stine Svendsen i Troms politidistrikt sa til Nordlys torsdag kveld at det er ein komplisert bergingsaksjon som vil ta minst 24 timar. Dermed er fylkesveg 57 stengt for biltrafikk på strekninga Henrikvik - Tromvik og bygdene Grøtfjord, Tromvik og Rekvik er isolerte.

Ulykkesstaden kan berre passerast til fots. Ifølgje vitne heng vogntoget på eit autovern, det einaste som hindrar det frå å rase utfor eit stup.

(©NPK)