Volkswagen seier overskotet meir enn dobla seg i 2017

Den største bilprodusenten i verda Volkswagen seier at overskotet for 2017 vart meir enn dobla. Resultatet viste ei positiv botnlinje på 11,4 milliardar euro.

I ei melding frå konsernet, som er heimehøyrande i Wolfsburg, heiter det at omsetnaden auka med 6,2 prosent. Volkswagen selde 10,74 millionar bilar i 2017.

(©NPK)