Warholm nummer tre i EM-løp, gjekk ikkje i kjellaren

Karsten Warholm sprang fredag sin tredje 400 meter hekk på ni dagar. Det gav tredjeplass i kvalifiseringa i lag-EM i Finland der han kom inn på 50,25.

Kariem Hussein (Sveits) vann med 49,73 framfor Rasmus Mägi (Estland) 49,92.

- Eg sprang eit kontrollert løp der det viktigaste var å bli blant dei tre beste i heatet og dermed vere sikker på ein finaleplass, i tillegg ville eg spare mest mogleg krefter før finalen laurdag. Eg følte det gjekk greitt, og eg trong ikkje gå heilt ned i kjellaren, sa Warholm.

I førre veke vann Warholm Golden League-stemne i Oslo (norsk rekord 48,25) og Stockholm. Laurdag går finalen på 400 meter hekk i lag-EM.

Nordmannen får ein etterlengta konkurransepause når han kjem heim frå Finland. 400 meter hekk er ei tøff øving, og med fire løp på berre ti dagar, kjem Ulsteinvik-guten til å trenge litt kvile.

Det er ikkje berre i spesialøvinga Warholm har sprunge fort. Tidlegare i månaden sette han norsk rekord på 400 meter flatt med 44,87.

Jonathan Quarcoo vann fredag heatet sitt på 100 meter med 10,43 og er klar for finale.

Amalie Iuel vann heatet sitt på 400 meter hekk med 56,51. Det sende henne rett til finale.

(©NPK)

Karsten Warholm etter rekordløpet på Bislett. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix