Annonse

Weng vann taktisk siger i Aure

Heidi Weng vann den 24 kilometer lange klassiske etappen i toppidrettsveka i Aure. Dario Cologna vann herreklassen.

Weng tok tredjeplassen på sprinten torsdag. Fredag formiddag vann ho etter ein smart manøver mot slutten av rulleskirennet.

Det var lenge fire løparar i tet: Heidi Weng, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og svenske Anna Haag og Ebba Andersson. I ein sving datt Andersson, og Weng utnytta det og rykte frå dei andre.

Jacobsen følgde på andreplassen, 3,5 sekund bak, mens Haag vart nummer tre. Ho var 7,8 sekund bak.

Weng fører an etter to av fire etappar i toppidrettsveka. Løparane reiser vidare til Trondheim i ettermiddag, og der ventar ein sprint fredag kveld. Det heile blir avslutta i Trondheim laurdag med ein jaktstart.

Heidi Weng går for sin tredje samanlagtsiger på rad.

I klassen for menn gjekk sveitsaren Dario Cologna til topps. Han vann framfor svenske Calle Halfvarsson med Iivo Niskanen på tredjeplass. Niklas Dyrhaug vart beste norske på fjerdeplass, slått med 27,4 sekund av Cologna.

Petter Northug hamna heilt nede på 66.-plass, slått med 6.04 minutt. På plassen framfor hamna Finn Haagen Krogh.

(©NPK)

Heidi Weng i mål i Aure fredag etter siger på etappen. Foto: Toppidrettsveka/Norges Skiforbund/ / NTB scanpix.