WhatsApp gjer endringar etter lynsjingar i India

WhatsApp avgrensar kor mange ein kan vidaresende meldingar til, etter at ei rad personar er drepne i India som følgje av falske rykte spreidde på meldingsappen.

Endringane skjer etter at indiske styresmakter torsdag trua det Facebook-eigde selskapet med rettsforfølging dersom dei ikkje tok grep.

Brukarar kan no vidaresende meldingar til maks fem personar eller grupper. I tillegg er ein hurtigfunksjon fjerna slik at det blir meir tungvint å vidaresende meldingar raskt.

- Vi meiner desse endringane, som vi vil fortsette å evaluere, vil hjelpe til med å halde oppe WhatsApp slik den er meint å vere - ein privat meldingsapp, seier selskapet i ei fråsegn.

Endringane blir berre innført i India. For brukarar i andre land blir avgrensingane sett til maks 20 grupper.

Den ukontrollerte spreiinga av løgnhistorier om barnekidnapping og annan kriminalitet har ført til at over 20 menneske har blitt lynsja av folkemassar i løpet av dei siste to månadene.

Etter press frå styresmaktene innførte den enormt populære meldingstenesta nye løysingar for å gjere det lettare for brukarane å sjå kor meldingar kjem frå og dermed vurdere om dei er ekte eller falske.

Departementet for informasjonsteknologi syntest ikkje dette var nok, og no har selskapet altså tatt ytterlegare grep.

(©NPK)

Ein demonstrant står med bildet av to menn som blei lynsja som følgje av falske meldingar på WhatsApp. No har selskapet innført avgrensingar for kor mange ein kan vidaresende meldingar til. Foto: Anupam Nath / AP / NTB scanpix