Annonse

Wijnaldum klar for Liverpool

(NPK-NTB): Georginio Wijnaldum er klar for Liverpool. Midtbanespelaren kjem frå Newcastle for 25 millionar pund.

Den 25-årige nederlendaren har signert ein langtidskontrakt med klubben frå Merseyside og flyr direkte til USA der Liverpool-troppen er for augneblinken.

– Eg er veldig glad fordi Liverpool er ein stor klubb med ei fantastisk historie. Det har alltid vore ein draum å spele for ein slik storklubb, seier den nye spelaren til klubben si nettside.

No ser han fram til å spele under Jürgen Klopp.

– Eg har alltid elska å sjå på han, hans engasjement som trenar. Eg likar korleis han lever seg inn i spelet og han gjev noko tilbake til spelargruppa med sitt engasjement, så eg gler meg til å jobbe med han.

Wijnaldum er den sjuande signeringa Liverpool har gjort i sommar. Dei andre er Loris Karius, Joel Matip, Marko Grujic, Sadio Mané, Ragnar Klavan og Alex Manninger. (©NPK)